Tverrpolitisk liste for Giske
Ved kommunevalet i haust kjem det ein tilvekst til partilistene. Tverrpolitisk liste for Giske
er under etablering, og på eit ope møte på Solbakken skule 12. mars skal både lista og
programmet ferdigstillast.
Alle innbyggjarar i Giske kommune som ynskjer å påvirke kommunen si framtid, og som
ikkje vil arbeide innanfor dei tradisjonelle partia, får no dette tilbodet om å vere med på å
styre utviklinga i Giske i åra framover.
Ei rekke gode kandidatar og medspelarar har alt sagt ja til å vere med, men det er enno
bruk for fleire til å vere med i arbeidet for å sikre kommunen praktisk og økonomisk
handlingsrom framover. Vi er difor interessert i at endå fleire vil stille opp, og kome med
forslag til fleire gode kandidatar, seier ein av initiativtakarane, Olav Sindre Roald.
Den grunnleggjande ideen bak lista er at pleietrengjande og skuleelevar må vere
førsteprioritet i kommunen. Med den store gjeldsbøra Giske Kommune har, krevst det streng
prioriteringar framover, både når det gjeld investeringar og drift. Det er her Tverrpolitisk liste
for Giske ser at det trengs nye krefter og nye initiativ.
Gunnar Morsund
948 43 024